Litt pågrunn av at eg måtte finna noge å skriva om, litt fordi eg fekk positive (?) respons på d sist gong, og litt fordi eg har ein slakkelørdag heima -
her komme et herligt gjensyn med "Visste du at..."! Enjoy!!
Visste du at...
... kinasjakk ikkje kjem frå Kina, men vart oppfunne i Tyskland i 1893, under namnet «Stern-Halma»?
.. garden Listveiten på Radøy var delt opp til sju småbruk frå 1800-talet før han etter 1950 på nytt blei samla til eitt bruk?
... dvergsvana vert rekna som den fuglearten med flest fjør, i gjennomsnitt over 25 000?
...Øvre Årdal sokn vart oppretta samstundes med at soknekyrkja Farnes kyrkje stod ferdig?
...at Sogn og Fjordane er venskapsfylke med den kinesiske provinsen Ningxia?
...Kråkenes fyrstasjon er så utsett for vêr og vind at malingsprodusenten Jotun testar ut maling her?
...temperaturen i London midtvinters er om lag fem grader høgare enn i områda rundt, grunna all varmen storbyen genererer?
...Oppstadåa i Hedmark er ei av to elvar i Noreg som kan renne begge vegar?
...Femunden var nest største innsjø i Noreg fram til Røssvatnet vart regulert i 1957?
...hundedagane har fått namnet sitt frå hundestjerna?...Liechtenstein og Usbekistan er dei einaste landa i verda utan kyst som grenser til andre land som heller ikkje har kyst?
... skjelgribben har vore observert i høgd på 11 300 moh?
...ei gamal fransk lov seier at ein person som har vorte sinnsjuk på grunn av lyden av mistralvinden ikkje kan straffast for eit lovbrot, inkludert mord?
...det var biskopane i Bremen som var drivkrafta bak kristninga av Skandinavia?
...hovudstaden i Bhutan, Thimpu, er den einaste hovudstaden i verda utan trafikklys?
...Jon Almaas har arbeida tre år i NRK Troms?
...odelsretten er verna av grunnlova og er eit særnorsk rettsinstitutt?

OG... dagens høydepunkt: når eg googla "visste du at" i bildesamlingen te google, fekk eg denne herlige gjengen fram:)
Bare viss du lurte liksom...